Bø Sommarland Lifjell Telemarkskanalen Fruktbygda

Pulverheksa og vennene hennes

Storsalen mandag 15. mai kl. 18.00

Velkomen til ei heilt ny framsyning med Maj Britt Andersen og alle vi kjenner frå Pulverskogen!

Alle gler seg til det store ballet hos Drømmeprinsen. Men … alt er ikkje som det pleier å vere i Pulverskogen. Tyven er blitt sint på Politimannen og vil ikkje vere tyv lenger. Og Politimannen er sur på Tyven fordi han blir arbeidsledig når ikkje Tyven vil vere tyv. Ingen av dei vil komme på ball hvis den andre kjem. Og Krokodillen gruar seg til vinteren, så han lurer på om han skal flytte til Afrika.

Alt dette gjer Drømmeprinsen så trist at han ikkje vil vere drømmeprins mer. Dessutan er det ein diger, skummel skikkelse som beveger seg mellom trea og set store fotspor overalt, og gjer alle redde. Kva er det som skjer i Pulverskogen? Blir det ikkje fest? Alt var jo så bra i verdas finaste Pulverskog. Kanskje Pulverheksa kan hjelpe?

Velkomen til ei varm og fargerik framsyning. Nok ein gong er det den barnekjære Spellemannpris-vinnaren Maj Britt Andersen som spelar Pulverheksa – noko anna ville truleg ført til opprør rundt om i kulturhusa i landet! Og eitt er sikkert: ingen stader er Pulverheksa meir spel levande enn i teatret! Ein spesiell velkomst til alle små og store troll som skal på teater for aller første gong. Pulverheksa og vennene hennes passar for born frå 3 år.

Urpremiere i Nydalen, Oslo 29. mars 2017
Turnépremiere i Gjøvik 20. april 2017
På turné våren og hausten 2017
Med Maj Britt Andersen, Janne Starup Bønes, Jørn Morstad og Haakon Strøm.
Regissør: Ivar Tindberg. Komponist: Geir Holmsen. Scenograf: Christine Lohre.
Dukkedesignar: Grete Larssen. Ein Riksteaterproduksjon.

Speletid: 45 minutter (ingen pause)

Adresse

Gullbringvegen 34
3800 Bø i Telemark

gullbring.no/2016/pulverheksa-og-vennene-hennes/

Powered by tellUs

Kontakt

E-post: post@gullbring.no
Telefon: 35 06 03 90

Tider

Man ( 15.05 - 15.05 )
18:00 STORSALEN, BØ

Søn ( 05.11 - 05.11 )
15:00 Teatersalen

Kart

­
­
Developed by Aplia - Powered by eZ Publish and tellUsPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.