Bø Sommarland Lifjell Telemarkskanalen Fruktbygda

Kollaps i kulissene

Storsalen tirsdag 14. mars kl. 19.00

Når alt som kan gå gale, går endå verre!
Hege Schøyen og Ingar Helge Gimle i spissen for eit topplag av norske komedieskodespelarar.

Publikum ler så dei hylar og kritikarane jublar for The Play That Goes Wrong. Teaterstykket går på tredje året i London og er blitt kåra til «Årets beste komedie 2015». Med tittelen Kollaps i kulissene presenterer Riksteatret og Chat Noir no suksessen i Noreg, og løyane er i dei beste hender hos publikumsyndlingar som Hege Schøyen, Ingar Helge Gimle, Bartek Kaminski og Jan Martin Johnsen. Knut Nærum omset frå engelsk og Kim Haugen har regi.

Kva skjer når eit overentusiastisk amatørteaterlag skal sette opp si første store framsyning, eit mordmysterium i ekte Agatha Christie-stil? Meir enn nokon kan fatte! Ja, viss du trudde at du visste kor mykje som kan gå gale på teater, må du no tru om igjen!

«Eg har sjeldan, om nokonsinne, høyrt høgare eller meir samanhengande latterkuler i eit teater», skreiv pressa etter premieren. Kollaps i kulissene er blitt omtalt som ei kryssing av Hotell i særklasse og Mr. Bean – ei frydefull latterbombe som appellerer til publikum i alle aldrar.

PS: Hjølp! Har nokon sett ein golden retriever?

★★★★★ «Årets beste komedie 2015» Olivier Award
«Veldig, veldig morosamt» The Guardian
«Smittande galskap» Daily Express «Eg trudde eg skulle hyperventilere av latter» The Daily Mail «Eit meisterverk av alt som kan gå gale» The Times
“Ein superunderhaldande hit” The New York Times
Skandinaviapremiere i Nydalen 19. januar 2017
Turnépremiere på Lillehammer 27. januar 2017
Vert også spelt i Oslo, Chat Noir, etter turné. Nypremiere 7. september 2017.

Med: Hege Schøyen, Ingar Helge Gimle, Jan Martin Johnsen, Bartek Kaminski, Camilla Frey, Espen Sandvik, Jan Huse og Daniel Karlsson. Regissør: Kim Haugen. Scenograf og kostymedesignar: Tore Sæther. Lysdesignar: Kai Roger Havn. Dramaturg: Tine Thomassen. Teaterforlaget Nordiska ApS -København. Ein Riksteaterproduksjon i samarbeid med Thalia Teater. Vert også spelt i Oslo, nypremiere på Chat Noir 7. september 2017.

Speletid: 2 timar og 20 minutt (inkl. pause)

Adresse

Gullbringvegen 34
3800 Bø i Telemark

gullbring.no/2016/kollaps-i-kulissene/

Powered by tellUs

Kontakt

E-post: post@gullbring.no
Telefon: 35 06 03 90

Tider

Tir ( 14.03 - 14.03 )
19:00 STORSALEN, BØ

Kart

­
­
Developed by Aplia - Powered by eZ Publish and tellUsPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.